tirsdag 17. november 2009

Ny start

Så skulle det ikkje gå mange månadane før eg fekk lyst til å begynne å blogge igjen. Eg gir ingen løfter om fleire oppdateringar for veka eller stor aktivitet på sida, berre så du veit det.

I helga var eg på Kirk Franklin-konsert i Stavanger. Eg hadde tidenes konsertopplevelse då eg høyrde han i Oslo i fjor, så forventningane til laurdagens konsert var skyhøge. Eg vart ikkje skuffa. Herleg stemning blant publikum, vanvittig bra musikk, Jesus-fokus og glede. Når drøyt 1800 menneske er samla og prisar Gud saman, dansar saman og syng "Jesus elsker alle barna" saman, kan ein ikkje anna enn å smile. Om du vil sjå bilete og lese meir om konserten kan du sjekke ut Stavanger Aftenblad eller iTro.

Her er eg og Martha Berit godt nøgde etter konserten:

1 kommentar:

Ida Marie sa...

DU HAR BLOGG IGJEN :D så gøy!