fredag 8. januar 2010

Kaldt!

Det er litt kaldt for tida. Håret mitt fraus til is på veg til bussen i dag tidleg. Ferga til Osterøy fraus fast i kaien. Fingrar og tær har det ikkje så godt. Men eigentleg likar eg snøen og kulda. Det er herleg å sleppe regn og storm. Og så er det fint med sol.

Om eg ikkje hadde hatt eksamen for tida skulle eg...
- gått på ski med mamma på eit av fjella på Osterøy
- prøvd å bli flink på slalåm
- aka

Kanskje det er like fint om ei veke, når eg er ferdig. Då skal eg prøve å få til i alle fall eitt av punkta ovanfor. 

God helg, til den som har helg! :)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du må jkkje gå ut med vått hår no, og så må du ha hua på deg. Men det er vel verre at vatnet har frose?
M

Anonym sa...

Berre tanken på at du vil gå tur med mammå, varma eit morshjarta, så håpar me det vert ein realitet om ikkje så lenge:)
Lukke til med eksamensoppg.!
Klem:)