onsdag 6. januar 2010

Elska for den eg er?

I dag var eg hjå frisøren. Medan eg fekk ny sveis, bladde eg litt i nokre blad og fekk ei oppdatering på siste mote, kva klede eg berre MÅ ha i vinter, korleis eg bør sminke meg, treningstips for å få perfekt kropp og korleis eg må oppføre meg for å kapre draumemannen. Kjekt å vite kanskje. Men må ein verkeleg følge alle desse tipsa for å bli god nok? Er det dette som skal til for å bli akseptert?

Bibelen har litt andre standardar.

Sal 139:13-14:
For du har skapt mitt indre,
du har vove meg i mors liv.
Eg takkar deg fordi eg er skapt
på skræmeleg underfull vis.
Underfulle er dine verk,

det veit eg så vel.

Ef 1:4-6:
I Kristus valde han oss ut
før verda vart grunnlagd,
til å stå for hans andlet,
heilage og utan feil.
I kjærleik
og etter sin eigen gode vilje
avgjorde han på førehand

at vi skulle få rett til å vera
hans born
ved Jesus Kristus,
til lov og pris for hans herlegdom og nåde,
som han så rikeleg gav oss
i han som han elskar så høgt.


Du er høgt elska, dyrebar og umisteleg for Gud. Korleis du ser ut eller kva du klarar å prestere eller ikkje klarar å prestere har ingenting å seie for den kjærleiken Han har til deg. Me vert alltid angripne av løgnar som vil fortelje at "du må bli tynnare, finare, flinkare – ein annan enn den du er". Men Gud har allereie skapt deg akkurat slik Han ville ha deg.

Du er du og du duger! :) Er det ikkje godt å tenke på?

4 kommentarer:

Ingvild sa...

Det er godt å tenkje på. Så lett og så vanskeleg.
Takk for påminninga, Lene!
Guds velsignelse for det nye året.

Vibeke sa...

Eg elske deg for den du e! So da so:) Fin e du uansett korleis du kler deg eller kløppe deg. Og so ligna du jo litt på meg òg då;) (eventuelt eg som ligna på deg..)

Anonym sa...

Likar Anne Grete Preus: For du er GOD nok, god NOK!!

Du er GOD Lene! Flotte Lenemor!

Stå på med eksamen, jente!

Friskt mot!!

Camilla sa...

JA!!! Og måtte ingen få lurt deg til å tro at du ikke er god nok! Vittig, jeg gikk rundt og sang på den sangen i går: Du er du og du duger! Ja du passer PERFEKT i Guds hand=)